TOLLEV SALEMANN 2014

Salemannfamilien samlet etter siste forestilling.

 

Tusen takk til dykk alle som på ulike måtar har gjort teaterdagane i Bakkhuslåvin til ein folkefest.

Grautkjeringan hadde ein draum. No er draumen oppfyllt.

Takk Signe og Knut ved Kamerina Kulturverksted for godt samarbeid gjennom to år.  De var dei rette for denne jobben, og me er så fornøgde med resultatet.

Takk til fantastisk flotte skodespelarar inne på låvin.  Me er audmjuke for at de sa Ja til å bruke av tida di til dette, Stolte av korleis de har takla utfordringane, løyst oppgåva di og utført den på ein slik fantastisk god måte, og til slutt: Me er så glade i dykk; Salemannfamilien vår.

Takk til alle dykk som har gjort vandringa til det eventyret det var å kome frå 2014 attende til middelalder.  De er så initiativrike, kreative og positive å arbeide saman med, alle saman.  Vandringa er varemerket til Bakkhuslåvin.  Noko gjengangarane ser fram til når dei kjem til oss.

Takk til Bjørg for fantastisk god suppe!  Takk til kjøkengjengen for stødig og ordentleg opplegg frå planlegging til opprydding.

Takk til branngjengen vår og til parkeringsgjengen.  De er den sikre grunnmuren som står like stødig i møte med alle.

Til slutt takk til alle dykk som har jobba dagar og netter for at kostymer, kapper, kulissar, rekvisitar, kaker og alle dei småting som ingen tenkjer over er gjort, men som alle ser om dei manglar.

Grautkjeringan er stolte over å vere ein del av eit slikt dugnadssamfunn og kjenner at Tessungdalen som ein del av Tinn, og Tinn som ein del av Telemark, er i aller høgaste grad oppegåande og vel verdt å satse på.

INNLEGG I KYRKJEBOD MARS 2014

BISKOPEN KJEM!

Kanskje vart dette ropa ut på kyrkjebakken i Atrå heilt attende i stavkyrkja sin barndom.   Ordninga med visitas har eksistert i meir enn 1000 år.  No ventar me på nytt at biskopen i Agder og Telemark kjem på visitas i Tinn.  Innhaldsrike dagar både for han og for den lokale kyrkja.  Om hovudmålsettinga har vore ganske uendra i visitashistoria, så er nok innhaldet eit anna i dag enn langt attende i tid.  Når biskopen kom for å føre tilsyn med kyrkja sitt arbeide og andelege liv, kunne det vere mykje forskjellig som møtte han.   Ikkje alle prestar var like iherdige i tenesta, kyrkjebygg og eigendom kunne vere i stort forfall, og det levande andelege liv i kyrkjelyden kunne vere så som så. 

Me som er så fasinert av historia om bondehelgenen Tollev Salemann i Tessungdalen, at me vil lage teaterframsyning i september, har hatt stor nytte (og glede) av prestane og biskopane sine nedteikningar.  Tessungdølane sin hang til å halde fast på bondehelgendyrkinga i over 500 år, var til stor fortviling.  Nokon av prestane ga dyrkinga lite merksemd, då tessungdølane bruka sognekyrkja i Atrå side om side med denne Tollevsvok; ein bestemt merkedag i året.  For andre var det pinleg å møte biskopen med melding om at dei enno ikkje hadde klart å få avskaffa det dei kalla ei avgudsdyrking.  

For å skildre noko av det fasinerande med heile Tollev Salemann-historia, kan me byrje attende rundt 1200 og tida då Tollev Salemann budde i Tessungdalen.  Stavkyrkja vart bygd i Atrå og innvigd rundt 1180, og stavkyrkja i Uvdal stod ferdig i 1164.  Går me kyrkjevegen frå Atrå over til midtbygde i Tessungdalen, forbi Salvollan ved Sønstebø, der Tollev budde, vidare opp langs elva Øvåe, passerar me stader med namn som har levd og framleis lever på folkemunne, og som vitnar om ein spesiell ferdsel over fjellet.  Stigen går forbi Kyrkjeset oppi lia, i fjellet Hovmannshovda, og kryssar over til Numedal og går rett på stavkyrkja i Uvdal.  Tollev Salemann satt plassert midt i leia for ein sannsynleg ferdsel mellom dalføra.  Eit godt utgongspunkt for å drive sælehus/Salhus= overnatting, omsaling, datidas gjestgiveri.  Historia fortel lite konkret om kva for ein kar dette var, kor han kom ifrå, korleis han hadde bygd opp rikdomen sin, men historia seier han var ein mykje akta mann i bygde.  Fasinasjonen vår spinn rundt det faktum at tessungdølane fulgte denne mykje akta mannen veldig lenge etter at han var død.  Kven var han for ein person ? Kva gjorde at dei feira Tollevsvok i mange hundre år?

Historia fortel: ”På Sønstebø i Tessungdalen budde det ein mann som heitte Tollev Sal. Han rydde ein stor deil av Tessungdalen og vart ein mykje rik og aktanes mann.  Han bygde ei stogu på ein flat voll nedanfor Sønstebø, og den stogo vart kalla Salstogo.  Da Tollev vart gamal, bad han tessungdølane om dei ville –når han var død- leggje han i ei kiste og hengje ho opp i messinglenker i Salstogo. Gjorde dei det så skulle det gå dei vel.”

 

På denne tida har Tessungdalen og Tinn samkvem over vidda mot Eidfjord og Bergen, med andre ord påverknad frå omverda.  Arkeologiske undersøkjingar viser at jarnproduksjonen i Tessungdalen var mykje større enn eiga nyttebruk av jarn.  Busettinga må også vere mykje eldre enn tidlegare trudd, frå ca år 0, og difor veit me at Tollev ikkje var første rydningsmann i dalen.  Sannsynlegvis var det stor aktivitet, fleire gardar, og mykje handel og ferdsel gjennom dalen og over vidda.

”Å henge opp” kista var heller ikkje uvanleg, både her til lands og i anna land, for storfolk som budde høgt til fjells eller der det var vanskeleg å bli lagt i jorda eller kome til kyrkja.  Impulsar utanifrå  hadde nådd dalen.

Cornelius Norman som var kapellan i Tinn i 1760-åra skildrar staden som ”eit gravhus”.   L.Daae skriv i ”Norske helgener”  1879, ”hvis tomt endnu vises”.  Både Salvollan der han budde, hytta der kista stod, og seinare gravplass er kjend den dag i dag.

Flytter me oss attende til den kristne kyrkja, veit me at helgendyrkingar var veldig viktig.  Kvar helgen hadde sin spesielle dag, sin spesielle funksjon eller område.  Helgenbilete eller eit relikvie vart bindeleddet mellom Gud og mennesket.  I mellomaldaren ville kyrkja ta kontroll over helgendyrkinga, og sette difor opp reglar og utnemnde offisielle helgenar. 

Så kjem reformasjonen i 1537, og alle protestantiske kyrkjer vert ribba for bilete, helgenstatuar og anna som kunne uroe kyrkjelyden og Ordet. Gjenstandar, fargar og gulldekor som før har vore det trygge i kyrkjerommet og trua til folk, vert no sett på som avgudsdyrking.  Berre den lidande og krossfesta skal vere synleg att.  For mange er dette ei vanskeleg tid, også prestane slit med å forklare folket kvifor det skal vere slik.  Pålegga kjem frå høgare hald, og biskopane utfører reiser for å sjå korleis tilhøva er rundt i bispedømmet sitt.

I Tinn ryktast det om desse tessungdølane som ikkje vil gje slepp på denne ikkje-religiøse helgendyrkinga si.  Dei starta etter Tollev sin død på 1200-talet, fortsatte etter reformasjonen og historia hentar oss inn att på 1600-talet. 

”Etter at Tollev var død blei levningane hans lagt i ei kiste. Kista blei hengt opp i taket etter messinglenkjer. Her samla bygdefolket seg ein dag i året, på Tollevsvòk, til minnehøgtid og fest.  Feiringa held fram til 1692. På denne tida var Jens Haurits prest i Tinn. Han lika ikkje at det føregjekk helgendyrking oppe i Tessungdalen. Han sende ein hovmann opp for å undersøkje saken. Denne fant huset, braut seg inn og som bevis brakk han av ein bit av lårbeinet for å vise til presten. På heimveg sklei hesten på eit berg og knakk lårbeinet.

Plassen har den dag i dag namnet Hovmannsberget.

Da presten fekk høyre dette reiste han straks opp i Tessungdalen og sette fyr på gravhuset. Segnet seier at da han kom heim att var eit av husa på prestegarden brent ned.

Etter brannen samla tessungdølane det som var att og laga ei grav ved Grønefit, som få visste om. Og dette var slutten på dyrkinga av Salemann, ein tradisjon som hadde vart i nærare 500 år.”

 

Det er ikkje mange bygder i Norge som har ein bondehelgentradisjon attom seg, derfor vil me hente vår historie fram att.  Kva var det med Tollev Salemann? Kva var det med tessungdølane og Tollevsvok? Kvifor var ikkje Tollevsvok kjend i resten av Tinn?  Dei fleste spørsmål finn me aldri svar på, men  dess meir ein grev, spør og leitar, jo meir fasinert blir ein.

Har du tankar eller stoff som kastar lys over fenomenet Salemann, så ta kontakt med Grautkjeringan.

30. aug, 2014
SALEMANN PÅ NUTHEIM
Grautkjeringan og Kamerina Kulturverksted reiste over til Nutheim for å sjå orginalmåleriet av Salemann. Ellen Grøstad Barstad som driv Nutheim no er dotter til Erlend Grøstad som har måla biletet. Det var enno flottare å sjå det i rette form då vår Salemann er ein av fire bondehelgenar som Grøstad hadde måla. Det heng i resepsjonen på Nutheim, så stikk innom for ein matbit, og sjå med eigne augo.
8. apr, 2014
BISKOPEN TIL BORDS MED GRAUTKJERINGAN
Det vart ei triveleg samling rundt graut og historia om Salemann der biskopen ga uttrykk for at historia var interessant. Mest imponert var biskopen over engasjementet og den gleda Grautkjeringan viser over å stå på for lokalsamfunnet sitt. Samhaldet og bygging av VI-kjensla var noko biskopen meinte kyrkja ønskjer å bygge og som kunne vere lærdom for alle rundt bordet. Me takkar biskop, prost, og det lokale sokneråd for at dei tok turen til Salemann sitt rike!
13. mar, 2014
BISPEVISITAS I TINN
Neste veke skal biskopen i Agder og Telemark kome på visitas i Tinn. Grautkjeringan har fått lov til å vere vertskap for biskopen med fylgje i to ettermiddagstimar onsdag 19.mars her i Tessungdalen. Me veit ikkje, men trur dette er fyrste gongen ein biskop oppsøkjer Salemann sitt rike!
Me skal sjølvsagt servere rjomegraut og spikjimat, og me skal presentere teaterprosjektet og historia om Bondehelgenen Tollev Salemann.
Så vil me overlevere invitasjon og håpar at biskopen vil kome attende hit på teater i september. Me gler oss. Dette skal bli nale moro, og me håpar biskopen vil meine at denne posten i eit stramt visitasprogram, er verdt turen til Tessungdalen.
5. feb, 2014
FOLKEMØTE PÅ FJELLVANG
56 menneske var møtt fram på Fjellvang måndag 3.februar for å høyre meir om teaterplanane 17.-20.sept 2014.
Fleire (30 stk) hadde meldt si interesse på førehand, men kunne ikkje møte denne kvelden. Me er glade, stolte og fornøgde over responsen frå teater- og historie-interesserte folk som vil hjelpe til. Det er enno ikkje for seint å melde si interesse (tesseng5@gmail.com). Me treng syhjelp, snekkar, mannlege skodespelarar/statistar, ryddehjelp og mykje anna.....

Me har fått laga nye tskjorter i koksgrå farge. Dei som lovar å gå med skjorta og reklamere utanfor stovedøra kan ta kontakt med Grautkjeringan! Vil du heller bruke kreftene på å snakke om teateret, be full husa og invitere folk på teater denne helga i september, så er det gull verdt!
No er det full fart framover og billettane skal leggast ut hjå visitRjukan til påske!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

22.09 | 23:37

Gratulerer med at drømmen har gått i oppfyllelse :) Velfortjent suksess. Dette har ikke blitt av seg sjøl ! Mange års arbeid, ikke minst med økonomi. Tøffft !

...
13.09 | 13:53

Hei May-Brith. Skal love deg at Salemann på låven nå 17.-20.sept.
vil bli husket lenge. og bare 640 personer får sjansen til å se og høre og oppleve!!!!!

...
12.09 | 21:35

Kjempeflott tilstelling. Dere er helt unike. En opplevelse mann husker for framtida.

...
26.08 | 22:10

Spennende å bli invitert til en slik forestilling! Vi gleder oss.

...
Du liker denne siden