Lykkelege menneske på Sellanrå.
No er Grautkjeringan klare til å ta i mot teaterpublikummet!
Parkeringsgjengen og sjåføren er klare! Grautkjering Sigrid er der for pep-talk.
Skidgarden er portalen inn til "fjellfolket" si verd.
Vertane fylgjer publikum opp gjennom skogen og forbi Fjellfolket.
Flokken leiast tryggt på stigar i fjellfolket sitt rike.
Husmannsplassen Hajin er vakna til liv.
Ungjenta Line steller sauene.
Kvinnfolka kokar graut og strikkar medan kulturarven gjennom tonar formidlast til neste generasjon.
Smeden har travle dagar i smia. Tinnsmeden var kjend for arbeidet sitt, noko som skapa grobotn for handel vestover.
Nær kontakt mellom vandrarane og fjellfolket.
Folkemusikken vart utveksla i møte med andre bygdelag.
Eigne særmerker både i spel og dans fekk fotfeste.
Yngre lærte av eldre. Ein tradisjon som spelemannskulturen i Tinn har teke vidare gjennom kulturskulen.
Ein god dansar kan fleire kunstar. Her er det kveding dei byd på.
Røvaren ved Røvarhola får ikkje fred nokon stad. Alltid er det nokon som er etter ein...
Folket vert skyssa vidare med melding om at dei treng ikkje seie så mykje om dette møtet.
Spelemannen byd grautkjeringa på ein dram medan han stemmer fela si !!
Inspirasjonen hentar han frå natur og fossefall.
Øvåfossen.
Brua ved Øvåfossen vart offisielt opna torsdag 22.september. Det kom hjelp nedanifrå som stod for det!
Ei overrasking på slutten av vandringsturen gjennom skogen.
Ikkje rart at både unge og eldre har vorte inspirera av slike skapningar opp gjennom tida.
Stemningsskapande musikk like ved Bakkhuslåvin.
Unni Boksasp song frå låvekloppe.
Jammen kom ikkje fossegrimen opp av fossen og!
Suppe eller vaffel -fritt val ....
Så er stunda komen. Juni lokkar flokken inn til kvelds.
Sundag kl.22. Lykkelege menneske i Bakkhuslåvin.
Dagen derpå var det dugnadsfolket sin tur å få heders plassen.
Nykoka rjomegraut på Grautkjering-vis.
Utan mange hjelpande hender hadde ikkje "Markens Grøde" i Bakkhuslåvin vore realitet.
Ikkje alle kunne møte denne måndagen, men ingen nemnt - ingen glemt.