Rusletur langs Bygdevegen 2012.
Måndag kveld rusla 22 små og store tessungdøler i regnklede, langs Den gamle Bygdevegen frå Bjørnerud til Røvarholberget ved Karlsrud.
Den gamle Bygdevegen gjennom Tessungdalen var den kommuniksjon som batt gardane saman. Det var meint som ein kløv, ride og sledeveg som krongla seg fram frå tun til tun. I dag kan me fylgje
stigen gjennom kulturlandskap med beitande dyr, slåttemark, og skog. Vegen er merka frå Uppigard Gunleiksrud gjennom dalen ned til Bjørnerud, og er om lag 8 km lang.
Soga om røvarane som ville bryte seg inn på buret i Karlsrud og stjele verdisaker, blir endå meir levande og spennande når me går i fotefara deira. Buret i Karlsrud står der med holet
i veggen. Bonden hadde lagt seg på lur og venta kveld etter kveld. Han laga eit hol ved dynne for å sjå når røvarane kom. Då den eine røvaren lista seg inn på buret, small det! ”Råka
du?” spurte kameraten som stod att utanfor. ”Nei, men e råka”, svara Karlsrudbonden.
Hola der røvarane budde er like
intakt, og mange måtte opp å sjekke om dette kunne vere mogleg. Jamvel nokon større snakka om å overnatte der? På vegen attende gjekk me innom Lusedalshola der den eine røvaren vart gravlagd. Sagnet fortel
at folk som gjekk langs vegen kunne høyre den sørgande røvaren som leita etter kameraten sin. ”Lusedalsfanten” vart bruka til å skreme uskikkelege unge tessungdølar, vart det fortalt! Tydelegvis sit
det djupt, for det var ein age over den eldre forsamlinga ved Lusedalshola måndagkveld.