Nestsiste sundag i oktober er det dekka til Grautfest på Fjellvang grendehus.
Då får svoltne skallar smake rjomegraut,
vassgraut,
risengrynsgraut og
potetgraut,
og til slutt ein porsjon lokal historie frå Tessungdalen.
Arrangementet har påmelding og det er rift om plassane så
her må du vere ute i god tid.
Ring no og meld deg på. Ein triveleg og interessant kveld for både hus- og hytte-tessungdølar, og mange andre frå tinnbygdene har òg bruka å finne vegen til Fjellvang.
Grauten vert laga i god gamal ande der unge lærer av eldre, venskapeleg småkjekling på kjøkenet om korleis grauten eigentleg skal lagast for å vere
best.
Velkomen!